Spise

Her på HegnaLand skal du ikkje gå svolten! Vi har fleire måtar du kan få deg eit godt måltid på, anten du vil ha noko raskt og enkelt, eller du vil ta deg god tid og kose deg på plassen. Stikk innom, finn deg noko godt i butikken vår, og la nyt! Her er det noko for alle!

Mikrobølgjeomn

I butikken vår på HegnaLand har vi mikrobølgjeomn tilgjengeleg for alle gjester, enten om du overnattar eller ikkje. Stikk innom, hent deg ein Fjordland frå kjølen, eller noko anna godt frå hyllene, og varm det opp her hos oss. Det tek berre nokre få minutt, og så har du ein skikkeleg varm og mettande middag klar.Perfekt for deg som er på tur og treng påfyll av energi – velkomen inn!

Pizza

Visste du at vi varmar opp pizzaen for deg? Berre stikk innom butikken, vel deg ei pizza frå sortimentet vårt, og sei frå til betjeninga at du ønskjer ho steikt, så fiksar vi resten! Etterpå kan du setje deg ned og nyta ho oppe i Kaffistugo medan du slapper av eller utanfor på benkane. Enklare blir det ikkje!

Bålpanne

Har du lyst til å lage mat over open eld? Vi har bålpanne tilgjengeleg, berre sei frå til betjeninga, så fyrar vi ho opp for deg! Handle det du treng frå butikken, og nyt ei ekte bålkos-oppleving her på Hegna. Perfekt for familiar, vennegjeng eller alle som vil ha litt ekstra stemning til måltidet.

Grillplass

Nede ved badeplassen finn du vår grillplass, perfekt for ein god grillkveld i naturskjønne omgjevnader. Handle det du treng frå butikken vår, finn deg ein god plass ved grillen, og nyt maten med utsikt over vatnet. Her er det berre å slappe av og kose seg!