Ein sommardag på HegnaLand
Ei oppleving utanom det vanlege
Vi tilbyr handel, overnatting, unike opplevingar og mykje meir!
Overnatting
Penthouse – Leilighet med balkong
Romsleg leilegheit på 60 kvm med eige kjøkken og eige bad. 4 soveplassar. Soverommet har 1 dobbeltseng, og i stova finn du 1 sovesofa, perfekt for familiar eller dei som treng litt ekstra plass. Nyt utsikt over hagen frå din eigen balkong. Pris etter sesong.
Overnatting
Pipehuset – Hytte med 3 soverom
Romsleg hytte på 70 kvm med eige kjøkken, eige bad og utsikt over hagen. Hytta har 3 soverom med totalt 8 soveplassar, perfekt for familiar, eller større reisefølgje. Du disponerer heile hytta. Pris etter sesong.
Overnatting
Leilighet med heile 7 soveplassar
Romsleg leilegheit på 70 kvm med eige kjøkken, eige bad og utsikt over hagen. Leilegheita har 2 soverom med totalt 7 soveplassar, 1 dobbeltseng og 2 køyesenger. Du disponerer heile leilegheita, og alt er i 1. etasje. Pris etter sesong.
Eventyrhylla
Kjøp leiker på HegnaLand
Låveloppis
Sal av gjennbruksskattar
Siste onsdag i måneden / 18:00-21:00
Strikkekvelder i Kaffistugo!
Vi held strikkekafé for alle som vil vera med fra og med siste onsdagen i august! Det trengst inga erfaring, anten du er nybyrjar eller gamal helt med strikkepinnane, er du hjartleg velkomen. Det blir alltid servert kaffi, te og noko godt å bita i. Så ta med godt humør og strikkepinnane dine, og bli med oss til ein triveleg ettermiddag då vel!
Sal av garn i Kaffistugo
Unikt vareutval
HegnaLand støttar lokalmat
Vi samarbeider med produsentar i bygda og tilbyr kortreiste råvarer og lokale spesialitetar. Når du plukkar med deg ein av desse, støttar du samstundes småskala matprodusentar frå Telemark!